på torsdagsførelesinga i morfologi fekk eg endå ei gong innsyn i kor lite peiling eg eigentleg har på mitt eige skriftspråk. (dette er den største ulempa med å studera nordisk, og har ført til mang ein personleg knekk dei semestra eg har vore innom nordiskfaga)

i alle fall. på torsdag synte det seg for det første at ein skal genusbøya “noko” framføre substantiv. ein skal altså skriva (direkte klypt ut frå power point’n (kraftpeikaren?)): “nokon bil, noka bok, noko hus, nokre bøker”. fleirtalsforma har eg hatt på stell, og kanskje hankjønnsforma òg, men forma noka har verkeleg aldri vorte praktisert i mine tekstlege produkt. det er jo ekstra pinleg at det er hokjønnsforma eg svik når eg fyrst er i gang. sjølvsagt skal det vera a-ending!

i samband med dette ordet synte det seg òg at nynorsk har ein fin parallell til engelsk, som bokmål manglar. og manglane til bokmålet kan ein alltids gjeva litt spalteplass. parallellen til engelsk går ut på at nynorsk har to fleirtalsformer av “noko”, nemleg “nokre” og “nokon”, og det syner seg at ein bruker desse omtrent likt som “some” og “any” på engelsk. ein nyttar “nokre” i forteljande setningar utan nekting (som “some” på engelsk), og “nokon” i spørsmål og setningar med nekting (som “any” på engelsk). rett nok kan ein snika seg unna desse reglane, for det er greitt å nytta “nokon” i alle setningstypane. (rett meg om eg formidlar engelske reglar feil no. eg har berre ein slik kraftpeikar å gå etter nemleg.)

andre torsdagsinnsikt var at det er mykje strengare restriksjonar på å referera til substantiv med “den” i nynorsk, enn eg trudde. her er me inne på eit område der eg truleg snakkar rettare enn eg skriv, for eg trur eg skriv “den” i mange tilfelle der eg seier “han” eller “ho”. på skapleg nynorsk skal ein nemleg referera til substantiva med “han”, “ho” og “det” ut frå kva grammatisk kjønn substantivet har. eg torer ikkje laga eigne døme, så her er dei frå førelesinga:

kor er mannen/bilen? han er her.
kor er kvinna/boka? ho er der.
kvar er barnet/huset? det er vekke.

det er likevel akseptert å nytta “den” for abstrakte omgrep. døme frå førelesinga av “diagnosen” -> “han/den” og “forklaringa” -> “ho/den”.  så veit de det.

også noko som gledde meg stort: eg fann ut at det går an å nytta ordet “hin” også skriftleg. dette ordet finst i dialekta mi, og tyder “den andre”: “hin bilen, hi boka, hitt huset, hine bilane“. rett nok smører me på i muntleg og seier vel oftast “den hin bilen”, men “den” treng/skal me altså ikkje ha med når me skriv. dette ordet kan koma særs godt med når eg skal redusera ordtalet i innleveringsoppgåva seinare i haust!