eg skal nytta storparten av dagen til å gjera greie for dei viktigaste punkta der det er valfridom i verbbøyinga, substantivbøyinga og genussystemet i bokmål, og vurdera i kva grad dei ulike variantane kan seiast å vere nynorsknære («radikale») eller dansknære («konservative»). det vert kjekt. i alle fall heilt okei. særleg den siste vurderingsdelen, for ikkje å snakka om oppgåve to der eg skal studera ei tekst, og svara på kor eg tykkjer ho plasserer seg i høve til det eg oppfattar som typisk bokmål. det gler eg meg veldig til, men det er ikkje sikkert eg kjem so langt i dag.

og elles? bokhaugen veks friskt inne i stova. so friskt som økonomien tillet då. men no manglar eg, so vidt eg veit sjølv, berre ei bok. og eg er allereie ferdig med det eg skal lesa i – høgre haug, nedanfrå – : bok nr. 3, 4, 6, 8, 9, og 15, samt den vesle turkise som ligg knept under ibsen i den venstre haugen.

bokhaugw