eg har ikkje råd til dette fantastiske magasinet som dedikerer ei heil utgåve til raudhåra jenter. i følgje kommentarane hjå mariell skal det også vera uråd å få tak i det i bergen, så då er den saka grei. kjensfolk i oslo kan få lov til å oppfatta dette som eit jolagåveynskje.

eg fekk ty til eit billegare magasin, som jamvel kostar mindre nett no enn det plar å vera, fordi narvesen køyrer ei av 25%-kampanjene sine for tida. (det gjeld no for raudt-hår-bladet òg, men det kostar framleis meir enn dobbelt så mykje.) så eg valte tyske spiegel. “så har eg no i alle fall ødsla pengane på omfangsrike artiklar og får språkleg kompetanse på kjøpet”, fortel fornufta. eg har lese mykje om finanskrisa:
spiegelw

så har eg lese at det er vanleg legemiddelprodusentar gjev legar i tyskland prosentar av salet om dei gjev reseptar på deira produkt. vel å merka er det berre legar med privat praksis som kan gjera dette, dei som arbeider i det offentlege vert straffa. kjipt for dei altså, for legane kan også få gåvekort på kjøpesenter eller espressomaskiner som løn frå legemiddelprodusentane. først tykte eg det med espressomaskin var ganske langt ute, men sjølvsagt, ein vil jo at legen skal vera vaken og opplagt på jobb, så det gav meining likevel. situasjonen hadde igjen noko å seia for trygdeordningane, fordi dei legemidla som legane vert løna for å skriva ut til pasientane, er av dei dyraste merka. trygdefolket kunne greidd seg godt med dei billegare variantane, for dei har same verkestoff. kjipt for dei, som såleis vert lurte av legane. moral: bruk det offentlege helsetilbodet i tyskland, og spar peng. (eg skriv sjølvsagt alt dette berre for å visa at eg forstod artikkelen)

litt lenger bak i bladet finn ein den fascinerande artikkelen om Dora Ratjen. her er ho:
doraw
ho er litt sentral i høve filmen “Berlin ’36”, som handlar om ei jødisk idrettsdame, Gretel Bergmann, som ikkje fekk vera med i OL. jødinna vert erstatta av Dora, som synte seg å vera ein mann. kva som eigentleg hende i samband med OL, vert trekt noko i tvil i artikkelen (så langt som eg er kome. eg skulle nemleg leggja meg i skapleg tid). det som syner seg å vera sant, er at Dora var ein mann. men korkje ho eller andre var heilt overtydde om dette før i 1938, då han / ho var 20 år. dette er jo godt gjort, jamfør gjerne biletet. men foreldre og legar greidde rett og slett ikkje å finna det ut før, og slik tvil om kjønn var jo heller ikkje noko å diskutera i samtida, så dei berre oppdrog ungen som jente. det var sikkert det mest laglege for dei òg, sidan ungen hadde tre eldre systre å arva klede av. innanføre det kvinnelege idrettsmiljøet som Dora etterkvart vart ein del av, var det heilt vanleg å vera ekstremt mannlege, så ingen brydde seg der heller: “alle echten Sportmädchen hätten doch eine raue und tiefe Stimme gehabt”. Dora fekk sjølv mistanke om at han kanskje var ein mann allereie som elleve-tolvåring, vart nokså overtydd då han aldri fekk bryst, og måtte barbera leggjene annankvar dag som 18-åring (det er då valdsamt sjølv til mann å vera?). han spurde likevel aldri foreldra om kvifor han måtte gå med dameklede sjølv om han var ein gut.. dette har jo kanskje noko å gjera med suksessen på idrettsbanen – han hadde jo kanskje ikkje fenge like gode resultat dersom han konkurrerte mot andre menn, i staden for i kvinneklassa. hm.