eg har gjort leksa mi og høyrd det pensumrelevante språkteigen-programmet frå 18.10 (eller 19.10 – gjenhøyr). dårlege  høgtalartilhøve hindra meg i å driva herleg multitasking (multigjering?) med oppvasken, så eg vart sitjande på ein krakk attmed dataen og lytta intenst. og eg kjende ikkje at eg kasta vekk livet mitt, og eigentleg burde nytta tida mi til mykje vitugare ting, slik eg til dømes gjer no. dette tyder at programmet var gildt, til liks med alle språkteigar eg har vore innom. at det tek føre seg pensumomgrep som “multietnolekt”, framført til dels multietnolekt, verka etter kvart som ein rein bonus, endå det var difor eg sette meg ned for å høyra programmet i utgangspunktet. herrlich.

bein

ei multietnolekt er forresten ei slags dialekt som oppstår i område med ulike minoritetsgrupper, ei blanding av majoritetsspråket i landet (norsk her til lands) og trekk frå diverse andre språk. litt forenkling av majoritetsspråket kan også førekoma i multietnolekta, slik at ein i norske multietnolektar til dømes berre nyttar “den” og “ein”, og ikkje formene “det”, “eit” og “ei”. multietnolektane har det òg med å slita litt med inversjon, som (ekstremt simpelt forklart) går ut på at ein i somme norske setningar byter om på setningsledda slik at rekkjefølgja ikkje er den vanlege subjekt – verbal – andre ledd, men andre ledd – verbal – subjekt, fordi eit anna ord kjem føre verbet. eg trur programmet nytta ei setning som var om lag slik:  “eigentleg var han glad”. jamfør den “ikkje-inverserte” setninga “han var eigentleg glad”. å laga setningar som den første er vanskeleg for folk som ikkje har norsk som morsmål, så i norske multietnolektar er det aldeles vanleg å høyra setningar som “eigentleg han var glad” – som altså held på leddstillinga subjekt – verbal – andre ledd, sjølv om det også er kome eit anna ledd føre verbet. om du er sugen på meir kan du jo bryna deg på denne artikkelen her, innleiinga om ikkje anna.

sper på eit bilete av tysk vaskemiddel. eg har ikkje trua:

terra