hin dagen skreiv eg ørlite grann om multietnolekt. eg vonar eg fekk sagt at multietnolektar vert til der fleire språk blandar seg inn i “hovudspråket” som alle har felles (sjå for deg eit innvandrarstrøk i oslo – norsk er felles, men det vert snakka mykje anna òg). eg vonar òg eg fekk sagt at eit kjenneteikn ved multietnolektar er forenkling. jadå. so no: facebook.

sjølv har eg facebook på nynorsk. (me likar eigentleg å kalla facebook for “fjesboka” då, dei mest hardcore nyttar jamvel i-ending på ordet) sidan fjesboka vert oppdatert særs ofte, går også språket gjennom mange endringar. nett no er det truleg noko som går føre seg, for språket har verkeleg tapt seg den siste tida. det kan vera noko som går over. eller, som eg har særs trua på, driv det og lagar seg ei multietnolekt der ute på veven: fjesboknorsk.

fjesboknorsk har fleire multietnolektiske kjenneteikn. eitt av dei er innblanding av ord frå andre språk, hovudsakleg engelsk. til dømes kommenterte isabel “photot” mitt for to sekund sidan:

varselw

torill melder om varsel som “x kommenterte på di link“. av ein eller annan grunn heiter det framleis “lenkjer” hjå meg, men det treng jo ikkje vera noko varig.

i tillegg til spreidde innslag av engelsk, (gjerne i fornorska (?) former som ikkje ei gong finst på engelsk, jamfør “photot”) er det multietniske trekket forenkling også særs nærverande på fjesboka. forenklinga skjer i samband med substantiv, og inneber at alle ord kan handsamast som hankjønn, viss fjesboka finn det for godt. til dømes meinte fjesboka at eg for 33 minutt sidan likte “ein lenkje på veggen hennar [min]”. sidan dette var ein dobbelfeil, vart eg lettare hysterisk og protesterte i statusfeltet:

hankjønnw

torill er igjen på banen og syner at det ikkje berre er hokjønnsordet “lenkje” som kan verta fjesbokhankjønn, for det kan inkjekjønnsordet “oppslag” òg. elles trur eg fjesboka nyttar lukkehjul for å velja mellom “sin” og hennar” (og “hans”, for dei det måtte gjelda) i kvar einskilde tilfelle. i det heile teke er det litt utruleg at “hennar” har havna der ute – sidan all aktivitet går føre seg i tredjeperson eller med namnereferanse får ein vel eigentleg aldri bruk for det? “sin” og “sitt” held lenge!

“Ida kommenterte Stian sin status.”
“Ida kommenterte sitt eige bilete.”
“Ida skreiv på Tavla til Guro.”
“Ida likar ein lenkje på Pål si Tavle.”

tilsvarande ser det ut på alle andre sine veggar, så kvar kjem “hennar” inn i biletet? for å syna kjønn, kanskje? det er jo litt rart, sidan den opprinnelege engelske versjonen freistar å unngå nett dette det ved å bruka den übersære kjønnsnøytrale forma “their” for norsk “sin”. då ville det jo vore naturleg å omsetja til ei kjønnsnøytral form òg. særleg når det attpå er rett! den store bokstaven i “Tavle” vel eg forresten å sjå på som eit multietnolektisk trekk på lik line med engelske lånord. det er nok eit lån frå tysk, der ein nyttar stor bokstav på alle substantiv.

eg gler meg til å følgja med på utviklinga til fjesboksnorsken framover. det kjem støtt overraskingar! som no nett i stad, då noko gjekk gale, og eg fekk sjå at fjesboka faktisk kan handtera kløyvd infinitiv:

kløyvdinfw

det er sikkert like tilfeldig som resten av språket der ute, men eg trur beint det er rett! nokon som veit?