berlin vil laga seg eit fjell! eit retteleg fagert fjell var det òg, om eg skal ta på meg å vurdera slikt. lønahorgi heime er sjølvsagt litt finare, men det er jo også firehundre meter høgre enn berlinfjellet, so det spørst om det stiller i ei anna klasse:
horgje
(trykk på biletet for å koma til ulvund si side)

men i alle fall: fjell i berlin er superprimaklasse! om ein ser vekk frå bergen nett no, er det truleg ingen by i verda som grev meir i gatene sine enn berlin, så mold til å byggja fjell med har dei sikkert nok av. eg er likevel særs spent på korleis dei tenkjer å hindra fjellet i å rasa ut – det er jo ikkje ekte berg inni, og dei har visjonar om å laga skianlegg og alt. skal vel mura opp eitkvart inni. eg følgjer spent med vidare!