dette er litt flaut for immunforsvaret mitt, som har takla alle former for influensa og forkjøling sidan eg vart ti år. influensa har eg forsåvidt ikke vore borti i det heile, så vidt eg sjølv veit. men, no har eg faktisk teke steget langt ut og betalt for å få litt sjuke i armen. baksa meg gjennom heile sentrum i fæla snjovêr måtte eg òg. men me likar denne snjoen, og somme trur den skal få liggja til jol. då vert andre litt oppglødd og byrjar å gle seg til brettkøyring, sjølv om ein framleis kan skoda stein og berg øvst i løypa. er jo greitt å vera i stròk når skisesongen byrjar òg då. endå det hadde vore utruleg spanande å

a) finna ut om eg faktisk kan få influensa. eg trur eg er immun av natur.
b) viss a innfrir og eg blir sjuk; finna ut korleis det er å ha influensa. verta ei erfaring rikare.