dei siste dagane: ut på byn (hotellet) og heim i pumps i 20 centimeter nysnjo; tidleg opp og ut på brett i endå meir nysnjo dagen etter; familiekaffibesøk; ned til silje med vin og utagerande teikning og miming (“nett so å komma inn i eit badnaselskap” ifølgje far i huset). dette tek på, somme er sjuke, andre ròtar seg i sofaen med the city-maraton og fancy moteblad frå syskjenbarnet i oslo:

eit franskt og eit svensk! (men båe med franske namn, merkar eg meg) slikt eg aldri kjøper elles, berre tysk vogue fordi det er tysk vogue. tysk vogue gjev eit ekstremt kjerringaktig bilete av moten i tyskland, og oppklarar såleis ein god del. bileta i tyskbøkene frå vidaregåande til dømes. jalouse og bon er ikkje kjerring, og sidan ròtinga på sofaen berre såvidt er byrja, så deler eg mine favorittar so langt:

jenter utan sminke og gutar med. alltid ein slager. og dette seminaret frå i haust berre varer og varer

ikkje berre tvilsame nordmenn, men også dandyisme i kongo. veldig fancy!

fine klede eg lett vil ha

eg ville kledd meg ferdig før fotografering då (reknar med ho med undertyet følte ho måtte vega opp med noko nake for at skoa til ho andre ikkje skulle eiga biletet)

…blada syner og ein del klede eg ingenlunde vil ha

interiør: sjiraff. trur den er falsk, og laga av dali, men veit jo aldri

teamet har eit obligatorisk gruppebilete med giraffen

fine fjes

kjekke bilete

og rosa sminke! med små kattar kringom