to veker for lang ferie gjer utferdstrongen stor. i dag tok eg ei pensumferd til sentrum. det var fin vinter, og litt betre brøytt enn i går.

eg var faktisk så tidleg ute at alt frå språkpensumet var å få tak i på biblioteket. i litt eldre utgåver enn dei på pensumlista rett nok – det fylgde ein kassett med den eine boka – men det går nok bra. eg supplerte litt på fretex, og vende attende til is-slottet:

litt dyster stemning under snjoen, men den er for tung til at eg får opna vindauget. pulten skal ryddast. og dette skal lesast:

eg gjorde eit funn, slik eg plar på fretex; veien til skjønhed, sundhet og et langt liv.

veldig fin både utanpå og inni

innhaldsmessig er den litt svakare. på side 85 vert det tilrådd å nytta ei parafinløysing på hovudet for å unngå å mista håret. naar alle andre Midler har slaaet feil, vel å merka. og det er slett ikkje vanskeleg å endra nasa si, om ein skulle vera misnøgd med ho.

mykje gild lesnad her altså!