eg har framleis ferie i to veker til. det er særs flaut, og eg planlegg å byrja å lesa skjønnlitteraturen så snart som råd for å kompansera. flaks at dei har lagt opp den einaste amalie skram-boka eg ikkje eig, og diverse klisjébøker eg eigentleg var litt glad eg slapp å lesa på gymnaset (til dømes amtmandens døtre. eg har prøvd. eg skal prøva igjen). mellom pensumlesinga og litt feriemodus skal eg kneppa litt om tysk vogue, sidan eg har lurt somme til å vilja lesa det. eg trur bladet appellerer mest til dei ekstremt nerdete, og då tenkjer eg ikkje på nerdane innanføre mote, for dei kan då vitterleg kjøpa den franske eller engelske utgåva. nei, dette kan nok berre gleda ein god tysknerd. det vil seia ein middels god tysknerd som søkjer lett litteratur i staden for meir høgverdig. betre enn ingenting. kanskje.

før eg tek til med sjølve bladet (neste gong), vil eg gje litt merksemd til fyllet som finansierer det – all reklamen.

nemleg! difor skal du ha ein diamant! bladet er spedd godt ut med slike sterke argument. eg trur det er mykje meir reklame enn blad. det går mest i glitter&stas, vesker, bilar og skor. og dyre namn som lagar utruleg stygge klede. kven vil ha ein kjole med trykk av feite gullenkjer på seg? ur-fult! laga av roberto cavalli, som sikkert er den einaste som ikkje peikar og ler.


då eg bladde meg gjennom fann eg ut at det er mykje meir av ein bestemt type reklame. klokkereklame!

ikkje utruleg at tid har ein stor marknad i tyskland. dei er vel ikkje nett kjende for å koma slentrande ti minutt etter dei skal. er lurer veldig på om klokkereklameveldet speglar røynda. i så tilfelle er det fleire fine klokker enn fine bilar i tyskland. fleire fine klokker enn mercedesar. det må eg sjå. neste gong eg dreg nedover skal eg praktisera mykje “wie spät ist es?”, for å seia det slik.

neste gong: toni garrn.