møt toni garrn, som gjev inntrykk av å vera den einaste modellen som får oppdrag i tyske vogue:

eg tykkjer ho er sympatisk fordi eg mistenkjer at ho har litt skeiv tannstilling. ho lukkar aldri leppene på bilete.

…no tek det seg sjølvsagt bra ut også, men eg held ein knapp på at ho ikkje får det til. grunna tennene. jepp.

i dette nummeret ser ho ut som brigitte bardot. kliss likt, tykkjer eg. sist såg ho heilt annleis ut. og var heilt lik masha novoselova, ei av dei andre tyske vogue-jentene. eg trudde dei var same jente heilt til i går, den einaste jenta som fekk jobba i bladet. her demonstrerer toni og masha det innarbeidde vogue-fjeset:

eg trudde den vesle skilnaden som var kom av sminka. men nei. ho i “ørkenklede” er masha, ho svartkledde er toni.

likskapen er forsterka av at båe har med seg dyr – men eg kom ikkje på å ta bilete av masha sin kamel før etterpå.

i tilfelle de lurer på korleis dei ser ut utan sminke, har eg funne bilete der dei er ca usminka:

kven er kven?