det er mange dyr i vogueblada mine. eg trekkjer den konklusjonen at dyr er veldig in. eg lyt sjå til å skaffa meg eit for å følgja med i tida. mangt å velja i:

sjølv deler eg gjerne badekar med nokre slike, men eg veit om andre som ikkje gjer det. også er dei jo litt keisame i lengda.

den fine pusen til venstre har diverre eigar. også kan det sjå ut til at han ikkje er heilt husrein, når eigaren treng så store handdukar. sjiraffen til høgre har vore innom bloggen før, den gongen som alternativt interiør.  

“spa med bjørn” verkar som ein utruleg dårleg idé.

isbjørnen greidde eg berre å ta uskarpe bilete av. (den er forresten til janne. er sida di sjuk, janne?)

eg tykkjer denne reklamen er utruleg dårleg. det står “når du ikkje har det travelt med å syna din verkelege alder”. det er berre så feil, alt? skilpadda ser jo ikkje nett ung ut (men den er fin altså). dessutan assosierer eg den med å vera treig/seint ute, og det er jo ikkje noko ein vil vera i moteverda. dessutan tykkjer eg tyske kvinner er teite viss dei driv og lyg om alderen sin endå – so 1950 liksom.

topp tre – “tilbehørdyra”

få maks ut av kleda dine; match med eit dyr eller to!

3. plass: toni gløymde å ta på seg gensar, og overkompenserer med to hestar. less is more, toni. ein hest er nok! (dessutan ser me framleis godt at du går rundt i badeoverdel)

2. plass: masha set prikken over ørkenkleda sine med ein staut dromedar. den har med seg ekstra klesskift viss ein vert sveitt i varmen.

1. plass: eg er viljug til å sjå litt vekk frå “less is more”-regelen for dei som greier dette. det er jo noko fare for at tilbehøret stel vel mykje merksemd (og et deg opp), så ein kan like godt ta hardt i når ein fyrst har fenge tak i ein leopard.

hugs å gjera leoparden klar over kven som er sjefen! elles kan det vera han berre brukar din gjeve status for å verta kjend sjølv. slik som han her.