vakna seks og prøvde å sova den siste halvtimen som var att. det gjekk ikkje. veldig vondt i halsen. frukost og god tid, og endå betre tid nede på busstoppet – heile tjue minutt i slaps og sludd. til slutt fekk me ta den veldig lange bussen som kan svinga med alle hjula (seier bror min som køyrer buss). det er difor det er så kjekt å sitja heilt bakerst når den tek meierisvingane. (prøv!) sakn etter te når eg er framkomen. somme vil kjøpa frukost. lengt etter gamledagar med hf-kantine som opna åtte. ikkje så mykje lengt etter fonetikkdagane på språk og kommunikasjon. men eg gler meg til språkhistorie. vesentleg lægre strykprosent enn i fjor vår, og me er eit fint kull som alle på nordisk gler seg til å ha. litt for sjuk, litt for erfaren, litt for trøytt til å gå på oppfølgjing, men no får eg i alle fall te. prat om kjønnsroller og mokkabønner og styre og stell på nordisk. full skrivarkræsj på biblioteket hindrar alt sakleg arbeid, så det vert meir prat, om ein fest og ein juridisk eksamen på fredag. (nei ikkje eg). eg kjøper ei altfor dyr bok og nektar å ta med meg stil og struktur for andre gong. gløymer å kjøpa perm men greier mirakuløst å komprimera det permfyllet eg har heime inn i ein perm mindre enn før – ny vårperm! vert uventa oppglødd av dette! no flyt det med papir både inne og ute, for papirbilen kjem seg ikkje fram på føret. har ikkje vore her sidan før jol og det byrjar å verta litt krise for å seia det sånn. eg handlar egg kanskje for fyrste gong i mitt liv og lagar noko omelettliknande som er ganske godt. vaskar opp lenge for å utsetja møteinnkallinga eg skal laga til. facebook. gjer det eg skal og meir facebook og bloggrunde (hjartesmil og frk.ragtime og blogg.no). fjas. vil lesa bok. vil at nokon andre skal koma og laga middag. ventar.