fyrste lekse av året er norrøne tekstar. voluspå (vanskeleg) og gylvaginning (hysterisk morsomt). eg skal dela litt ut or sistnemnde:

på denne staden i boka har Tor nett skjemt seg ut i kappdrikking, eller som Utgards-Loke ordlegg seg: “Du drakk godt, om ikkje nettopp for mykje. Ikkje hadde eg trudd, om nokon hadde sagt meg det, at Åsa-Tor ikkje drakk større drykk.” og sidan Tor berre drakk såpass at det vart fjøre i havet, noko han rett nok ikkje veit enno, lyt han røyna seg i ei ny tevling. kattalyfting:

Utgards-Loke: “Her driv smågutar med noko som vi ikkje ansar større etter. Det er å lyfte katten min opp frå jorda. Eg hadde ikkje komi på å nemne dette for Åsa-Tor, dersom eg ikkje hadde sett at du er mykje mindre til kar enn eg tenkte.” I det same sprang det ein katt fram på golvet i halla – grå, og heller stor. Tor gjekk bortåt og tok under buken og lyfte opp. Men katten bøygde seg i ein krok etter som Tor retta opp armen. Og då Tor strekte seg så langt opp som han kunne, då letta katten på den eine foten. Lenger kom ikkje Tor med denne freistnaden. Då sa Utgards-Loke: “Det gjekk som eg tenkte med denne leiken. Katten er heller stor.”

(eigen illustrasjon)

eg kjenner eg har sansen for slike tekstar. særleg all underdrivinga. det er heilt fantastisk, som når Tor skal fiska etter Midgardsormen med eit “heller sterkt snøre” med eit oksehovud til agn. Tor er i det heile teke kjelde til mykje løye i denne forteljinga. det er mykje sær åtferd på han, til dømes når Balder og kona er daude og Tor så vidt eg skjønar skal passa på likbålet: “Tor stod attmed og vigde båldet med Mjollne. Framfor føtene hans sprang det ein dverg som heitte Lét. Tor spente til han med foten så han fauk opp i elden og brann opp.” det kjem ikkje fram nokon stad at han har noko særskilt grunn til å spenna denne dvergen. han fekk vel berre lyst.  eg lyt seia at ein med slik irrasjonell gude-framferd får ein religion det faktisk gjev meining å tru på. verda er jo stort sett aldeles på styr, og det er jo lettare å akseptera om ein også veit at dei som styrer det heile er skamgalne!