ti sider før eg er ferdig med boka, skjønar eg at me faktisk såg denne soga som film på vidaregåande. i alle fall trur eg det. eg kan minnast furtne ektemenn som ikkje vil sleppa kona opp i senga, og gallriding på hest (truleg noko som går att i alle soger), og alt styret med å hengja opp veggteppe til jolafest. det eg verkeleg ikkje kan minnast frå filmen me såg den gongen, er ingjalds-tullingen:

“han var så tullete som ein kunne få tenkt seg, og galen. han var budd til med ein stor stein med hol i, som var bunden om halsen på han, og han åt gras ute som eit krøtter”

denne steinen han dreg med seg er visst alt anna enn hemmande for utferdstrongen, noko mellom anna Bork, som eigentleg er ute etter å slå i hel Gisle, lyt stadfesta:

“dei fór så omkring på øya og kom til ein stad der tullingen låg og åt gras i eit dalsøkk, med steinen bunden om halsen. Då tok Bork såleis til orde: “ikkje berre er det sagt mangt og mykje om tullingen til Ingjald, men han spreier seg også helst vidare omkring enn eg trudde.””

eg trur berre tullingar er i stand til å spreia seg sjølve vidare omkring enn folk trur. det er elles trist at ei slik drøymerolle skal vera utelate frå ein elles sterk film (etter det eg minnest)! diverre kunne eg ikkje finna gisle si soge på youtube, men eg fann mangt slag anna. ein elendig amatørfilm frå eitkvart engelsktalande land, og mange betre amatørfreistnadar frå island eller færøyane eller der omkring.

eg får ikkje til å leggja filmane ut i bloggen, men om de søkjer litt sjølv ser de nok at “dramatiser soga om gisle sursson” er eit fast innslag i ungdomsskulen i islandsktalande land (island). elles går det mykje i svineinfluensafilmar. det ser ut til å vera eit godt likt fjortisfilmtema der ute på sagaøya.