no har eg lese om ivar aasen over to dagar. strategien “lån boka på biblioteket og skriv gode notatar til” kjem eg aldri til å bruka meir. sjølv med datamaskin tok desse notatane gode fire timar å skriva, mykje grunna eit årstal- og namnevelde eg aldri kjem til å læra likevel. slik overdriven tidsbruk har eg beint fram ikkje tid til. det tyder altså på at eg lyt kjøpa boka, og gå over til den mykje betre og tidsparande “stryk med fine fargar over det viktigaste og kommenter og lag smilefjes i margen”-strategien. 480 kroner dyrare enn biblioteksplanen. meir peng enn det er sider i boka. for å halda humøret oppe deler eg det einaste som var verdt å sitera frå dei * fem notatsidene eg produserte. for det glimta til i nokre gode vendingar i læreboka, mellom idle fy-ord som “mye” og “skole” (ja det kan vera lov så mykje du vil, men det ser ikkje mykje bra ut).

favorittane:

Aasen var bondeson frå utkant-Noreg. «eit geni som på uforklarleg vis steig opp frå ei steinrøys»

viss han låg nedi ei steinrøys var det vel ikkje så uforklarleg at han ville opp?

Aasen vart av sambygdingane sedd på som ein raring og avvikar, men dei hjelpte han fram likevel, særleg embetsmenn

på nittenhundretalet slapp raringane å verta knytt til stein, som dei vart utsett for tidlegare

Aasen sa sjølv av landsmålet kom til å liggja nærast «det Hardangerske, Vossiske og Sognske» – der fann han flest fullkomne former.

ikkje noko å seia på det, nei

Hokjønnsbøyinga i substantiv ymsa så kollosalt i dialektane

for det fyrste er uttrykket “å ymsa kollosalt” aldeles nytt for meg. det var bra og eg skal bruka det så mykje som råd. elles er det noko med denne ymsinga knytt til kjønn som endå ei gong tek meg attende til transgender-seminaret i fjor haust.

1890-åra: landsmålet tek til å siga inn i folkeskulen

(ja, eg har fenge ein lei flekk på det elles ovgilde og trufaste mobilkameraet.)