tine ekstralett var litt lettare enn planlagt i går kveld, endå eg spedde ut med vatn då eg baka og tok litt for lite mjølk i potetstappa og alt. eg tok til å grua meg til fredagsmorgonen då eg vart nøydd til å finna på noko anna å eta enn frukostblanding slik eg plar. eg kontakta ein utsendt medarbeidar i sentrum, som rett nok slutta på jobb samtidig som matbutikkane, men som trass dette meinte at ho “skulle sjå om det gjekk”. det tyder som regel nei. likevel måtte eg berre sjå i kjøleskåpet då eg stod opp, litt slik ein har det med postkassa om ein ventar på noko kjekt. eg fann ein slik:

sidan innlegget totalt manglar ein nerdete innfallsvinkel, kan eg jo avslutningsvis oppmoda alle til meir nynorsk framferd på “melk”ekartongar. gjerne på andre sine. då vert dei glad.