når ein støtt lyt ta bussen som går før den ein eigentleg vil ta, fordi han den eigentleg vil ta knapt er sett den siste veka, er det godt å vita at nokon har det verre. til dømes dei som har stått opp kvart over seks for å ta båten nordover. på veg ut døra (altså eit godt kvarter før det eigentleg burde vore naudsynt) kneppte denne meldinga inn på mobilen min:

“[…] denne båten er forøvrig stappa full i ungar som spring fram og tilbake. det er ei tante framfor meg som passar to av “sine”, samt to tilfeldige. mora går rundt og ser slaskete og tjukk ut. eg har lyst til å legge dei i eit bur som eg kastar utfor kanten på båten. men eg gjer det ikkje.”

vel nede på busshaldeplassen (der eg vert verande ei god stund, skal nemnast) kjem det ei ny oppdatering:

“mora, som forøvrig har satt frå seg vogna midt i båten, og har strødd kle og sko rundt den (nesten slik at eg må ta bilde til bloggen [eg gissar at dette vart gjort]), kjøpte akkurat ei brus til seg sjølv. som ho ikkje hadde dekning på kontoen til å betale.”

bussen kjem, og når eg og alt pøet mitt er godt plassert, har eg rukke å fenge heile to meldingar til:

“den eine ungen hennar har òg fortalt alle i nærleiken at eg har stygge sko. yep.”

og:

“rosa e stygt, rosa e stygt, rosa e stygt!” sa han i det han gjekk til tanta igjen. som snudde seg og smilte. sånn “e kje han søt?”-ich. like før eg sa sånn. “han e stygg han òg.”

rett før eg skal av bussen får eg ei siste skildring frå båten:

“no kom den andre ungen bort med mat i munnen, opna munnen og skreik til meg. også mista han masse kjeks ned på golvet der med meg. æ s j.”

ikkje ein gong ein ubrukeleg ikkje-eksisterande 09:45-buss kan konkurrera mot dette!

(meldingane er attgjevne med løyve frå belle.)