i morgon dreg eg heim, og då er det greitt å lesa seg opp på kva som går føre seg i heimgrenda. det sklir fort ut med den saklege oppdateringa av nyhendebiletet, og eg tek heller til å leita meg fram til dei artiklane med størst underhaldningsverdi. ein favoritt har lenge vore omtalar av rusa folk. for det fyrste har dei mykje gape for seg i utgangspunktet. for det andre veit avisa (medvite eller ikkje) å skildra slike saker på ein særs…morosam måte.


eg veit ikkje heilt kva det er, ei slags turr underdriving? påtvunge sakleg form på eigentleg særs morosamt innhald? berre ordvalet? uttrykksmåtar som “leggja sin elsk på ferjekaien” får ein vel kan henda berre høve til å sjå på trykk ei gong i livet (to, sidan eg skreiv det òg). nyt det! elles liker eg at tilstanden ikkje var verre “enn at han kunne setjast på ein buss og fraktast heim til bustaden sin, ein stad i Kvam”. å, slikt er godt å lesa!

so, over til litt fiske på vangsvatnet. ei særs lokal, lita sak, med tilsvarande mykje lokale referansar, og personleg perspektiv.

eg likar den siste setninga sitt store tolkingspotensiale; er artikkelforfattaren her ute etter å verkeleg gni inn for andre kor lite fisk dei får? uttrykkjer han si genuine overrasking over fiskelukka til familien Dymbe? eller – eg held ein knapp på denne – er han sjølv skitforbanna fordi han sjølv berre har drege opp ein fesen aure som forresten ikkje kom heilt opp ei gong, men kom seg av kroken på veg opp or holet?