for snart to månadar utfordra the nam nettnerden til å skriva 7 ting om seg sjølv. sidan utfordringar er sjølve essensen i blogg.no-verda, har eg tenkt å nytta særs lang tid på å faktisk utføra oppdraget. lyt jo markera litt avstand til dette miljøet som stort sett driv med outfits og skitslengjing om dei på topplista (les: fann ikkje på ein skit å skriva, så keisam var eg 6. februar). eg må nett nemna at the nam ikkje har teke synleg skade av å ha blogg.no-adresse, det er faktisk ein ekstremt oppegåande og underhaldande blogg!

no trur de kanskje at eg skal slengja ut heile lista med ei gong, men so spanande er eg visst ikkje i dag heller. men eg har to ting. den eine kom eg på då eg skreiv det øvste avsnittet:

1: eg vitjar jamleg fjortisbloggar på blogg.no! di meir ubrukeleg innhald, di betre. no skulle eg gjerne lenkja til nokon, men det spørst kor populært det vert etter slik omtale. leit dei fram sjølv, det finst ikkje vanskeleg: skrivefeil og dårleg engelsk er eit sikkert teikn på at du er innom kremen av fjortisblogg.

2: eg ser fælt mykje skit på mtv. helst the hills og the city.

kjettekamp.

det skjer nesten ingenting, og det som skjer er for det meste regissert. so eg fattar ikkje at eg gidd. men det gjer eg.

so, då manglar eg fem ting. dei kjem etter kvart, og det er særs tvilsamt om dei er verdt å venta på. kan eg koma opp med noko betre enn desse to? det har eg lite tru på.