fallet er fritt inn i mørkret så vel som inn i lyset, men lyset forsvinn aldri heilt i desse snøkvite nettene der fosseduren går og går som eit taktfast, skurrande kjøleskåp.

det er ein villskap i kroppen til Siss, som kan sleppast ut og fløyma over, kva tid som helst.

tida har tetta seg i sitt eige sluk, og på lemmen har Unn meir eller mindre barrikadert seg.

[…] og Unn tenkjer: for di skuld skal eg i all æve nagla meg til barren.

når Siss lukkar augene ser ho henne føre seg: Unn ventar i regnet. det dryp frå den lyse panneluggen hennar, og andletet er som opplyst, innanfrå.

Siss: den viktigaste lærdomen i livet er denne og handlar om å balansera og vakla, før du ein dag fell, og så reiser deg igjen.

~ inger bråtveit: siss og unn