det er mange som skriv om den vulkanske aktiviteten på island no om dagen. det er jo litt spanande det heile, so eg skjønar trongen til å ytra seg litt om emnet. eg skal sjølvsagt ikkje det, men eg skal ta føre meg om noko som liknar litt, noko frå barndommen, som eg laut teksta til ein bror ein sein kveld eg sat og humra av det sjølv:

me pleidde å leika AIAFJELL då me var yngre.

at det fanst ein islandsk vulkan som heiter det (Eyjafjallajökull), kan eg ikkje tenkja meg at me var klar over den gongen. eg trur me fann på namnet heilt sjølve. Aiafjell, ofte og berre Aia, var eit slag ekstremt fårleg levande fjell, som som for det meste tedde seg helst ugreitt. ikkje so heilt ulikt den faktiske utgåva.

Aiafjellet vårt var i utgangspunktet så underhaldande at det heldt lenge å berre teikna det. gjerne i bakgrunnen av teikninga, med eit fælt smil og ein utstrekt arm mot eit uvitande objekt lenger framme i biletet. dette var gjerne byrjinga på ein kort teikneserie der andre-(og siste) ruta berre synte eit nøgd fjell.

om sumaren, når me fekk syskjenborn frå austlandet på vitjing, hende det at me var mange nok til å leika Aia. dette var ein uteleik, med ein del trekk eg er smått imponert over at me har funne på. slik går det føre seg:

ein er Aia, dei andre seg sjølve. Aia går inn i gamlegarasjen (=uthuset) og let att døra. dei andre listar seg borttil, og ein bankar på. så kjem ei obligatorisk replikkveksling mellom Aia (framleis inne bak attlate dør), og han/ho som banka på:

Aia: kem e? (kven er?)
Ida: Ida
Aia: ka ve? (kva vil [du]?)
Ida: ta Aia!
Aia: kem me? (kven med?)
Ida: B., E. og M.!
Aia: få se!

på siste replikk kjem Aia fort og gale ut av gamlegarasjen og spring etter dei andre. kring huset. den som vert teken er Aia i neste runde.

det eg finn mest interessant med leiken no i ettertid er dei obligatoriske frasane på rim før sjølve jakta tek til. eg trur det kan ha utvikla seg frå at Aia spurde “kem e” og sprang ut med ei gong dei fyrste gongene me leika Aia. og så har me berre funne ut at det er mykje som rimer på “e”, og lagt til fleire replikkar. eg trur “ka me” – kva dei vil ta Aia med – og “fekk te” (fekk til) – når Aia tok einkvan – òg var med. i den mest avanserte utgåva av leiken trur eg det var eit poeng at den som banka på ikkje visste kor mange replikkar det gjekk før Aia sa “få se!” og kom ut. slikt auka jo spaninga valdsamt! merk elles rimtvangen på Aia sin siste replikk; då me var so unge var det berre den tilreisande austlendingen som sa “se”.

neste gong: Knut. den kjekkaste leiken me hadde, med illustrasjonar. gled dykk!