for å spe på lånekassetilskotet jobbar eg med korrekturlesing av Holberg-tekstar. dette høyrest sikkert kjekkare ut enn det eigentleg er*, for det er ikkje meininga eg skal ta so veldig del i det eg les – vert eg for engasjert kan eg koma til å mista fokus og byrja å lesa for kjekt, og oversjå frakturfeil i mellomteksten og slikt. i går mista eg fokus særs mange gonger, og til slutt laut eg berre avgjera at eg skulle få tenkja på alt det kjekke etterpå. det er no. og det er kjekke er namn det går i. teksten handlar so vidt eg har fenge med meg om svenskar og danskar som er i krig og går over isen til kvarandre. nokre viktige personar i samband med dette er: den Svenske Feldtmarskalk Græv Steenbuk, Hans Høje Excellence Ulrik Christian Gyldenløve, den Norske General Herr Iver Krabbe og Raadsherre Christian Scheel.

steenbuk,  gyldenløve, krabbe, scheel

fyrst vart gyldenløva og steinbukken nemnde i eit avsnitt, og eg tenkjer “desse dyrenamna må Holberg ha funne på av di han ikkje hugsa kva dei reelle historiske personane heitte”. so kjem det pinadø ein krabbe og eit skjel med i laget òg. då var det ikkje nokon veg utom lenger, eg var heilt nøydd til å teikna:

eg er ikkje heilt sikker på om dei i Holberg-teksten var på same side, men mine er. heilt sikkert eit sterkt lag, der dei utfyller kvarandre. nei, eg veit heller ikkje heilt kva skjelet kan ha å koma med, det pønskar sikkert ut strategiplanane, eller klyp seg fast på motstandarar og snik til seg deira planar.

er du huga på fleire gode namn kan du sjekka ut fridtun si liste over gilde namn frå islandske ættesoger og slikt. dei var betre på slikt før i tida.

* for alle som ikkje tykkjer eit fråverande komma er stor stas. i går kom eg over ein w skrive med to v-ar. det var überherleg.