eg skriv oppgåve på skulen. dataen hengjer seg opp eit lite bel, og vert kvit, kvar gong eg lagrar. dette gjeld samtlege datamaskinar, og berre for open office-dokument. eg lagrar ganske mykje likevel, oppgåva tek jo til å verta nett grei, og eg vil ikkje mista dei siste, sårt trengde endringane mine. dessutan er alternativet word, der autoformateringa lever sitt eige, galne liv (eg hadde ein wordversjon ei stund. no ser han ikkje ut). eg tenkjer meg at det er alle dei kvite tenkjepausane datamaskinen gjev meg, som har heile æra for at oppgåva utviklar seg til noko som kan leverast.