mellom tinga etter ho bestemor fann me att den fantastiske boka med songar og regler frå hardanger (“den kvitrande fuglen”). alle er skrivne på dialekt, og sume har notar til. og så er alle illustrert av ungar. dette tykte eg og bror P var hysterisk morosamt då me var mindre, både fordi bestemor las med innleving, “og so syns de nok at de va litt flinkare enn nokon tå dei te å tegna” so ho mamma seier.  boka må eigentleg opplevast i heilskap, sidan det er ulike illustrasjonar til kvar einskilde song, men her er no ein smakebit. eg trur dette var ein klar favoritt, sjølv om eg lika den sure kjetta og han med hol i broka godt òg (fekk ei ny av pylseskinn, veit dekan). men når me kom til “han paudl” vart det alltid gapskratting (sjekk armen som kveikjer pipa!), særleg når bestemor kom til setninga om “brodlingæ i komlegryto”. eg tykkjer det er knallkjekt no òg faktisk. elles trur eg talet på komler i gryta er rett!