særleg ein person har gledd seg mykje til dette innlegget, nemleg “dette fekk eg av kjæresta til bursdagen”-innlegget. for å stilna [maset] spekuleringa om kortid det vil verta lagt ut, vel eg å blogga del ein no. del to er til vask og må venta litt. del tre har eg visst ete – det var ein særs god is. vertfall, eg fekk:

fin pynt, med ordboksartikkel (nokon kjenner meg godt) og ei ballettdanserinne.

billett til den løygnaste teaterframsyninga nokonsinne. eg er litt splitta i dommen min og vil gjerne tilråda og ikkje tilråda dette. det er noko ufriviljug morosamt, og det var litt leitt å sjå, sidan idéen med å laga black metal-musikal var særs spanande. eg håpar det sluttar å vera morosamt etter kvart, sidan dette berre var ei prøveframsyning. eventuelt kan dei og gjera maks ut av det morosame, og laga humor av det heile. men det var nok ikkje den opprinnelege planen. (sume stader skulle det faktisk vera morosamt òg. men me lo mest – eller prøvde å undertrykkja det – på stader der det skar seg litt, eller vart parodisk.)

prikkar til sykkelen, så eg slepp å verta blaut i røvi på regndagar. kjem særs godt med, og gjer seg godt saman med den hysteriske bjølla, som ikkje verkar når ho skal. dette kjem til å verta ekstremt mykje nytta, kjenner eg heimbyen rett. eg er noko uroa for at eg kan henda har kledd opp sykkelen min for mykje no. intensjonen var å ha ein skikkeleg stygg ein, slik at ingen tjuvar skulle taka han, men no spørst det om han beint er blitt eit attraktivt rov..