det er bra ubrukeleg å planta masse krydder når ein skal forlata dei heile juni. men det er no òg grenser for kor framsynt ein evnar å vera i april, når eksamensdatoen er einaste fokuspunkt i tilværet. det kan ogso vera at eg ikkje hadde noko særleg tru på prosjektet, sidan det einaste eg har fått til å gro tidlegare er solsikker. difor brukte eg skikkelig masse frø denne gongen, om lag halve posen i kvar potte. det var ikkje so lurt det heller – i oreganopotta er det allereie tillaup til plassmangel. rosmarinen tek det heldigvis rolegare, enn so lenge:

desse bileta har eg fenge av min fantastiske plantepassar isabel, som noko uviljug tok på seg vatningsansvaret då eg drog frå spirene ei heil veke (rett nok for at isabel skulle få eksamensro i heimen). god vekst og trivnad her! i juni, før eg dreg, byrjar prosjekt “inne vs. ute”: halvparten vert overlatne til seg sjølve under rhododendronen (eg ser på turke/drukning som eit større problem enn ljosmangel. særleg drukning.).  resten får halda fram med å bu inne. eg set mi lit til at verdsmeister i plantepass er heime ein del av månaden, og at spirene elles kan stå mørkt og svalt og vatna seg sjølv under plast. ny krydderrapport kjem i månadsskiftet juni/juli!