eg hevi tað væl! ser mellom anna ut til å trenga vesentleg mindre søvn her uti havet enn heime. i dag vakna eg fem, og kunne ikkje for alt i verda sovna att. blogging fall meg diverre heller seint inn som tidsfordriv, so det vert ikkje tid til å skriva noko langt og allfagurt. eg lyt straks ut or senga og gjera meg klar for fellesutferd til ei nabobygd. i tillegg lir det elles oppegåande språket mitt veldig under dei blanda språktilhøva her. eg kan jo fanden ikkje skriva skapleg lenger! det tek so lang tid å formulera setningane! so, sidan eg ikkje evnar å vera undehaldande under slike tilhøve, får de her eit høve til å underhalda dykk litt sjølv. eg har vore inne på sidene til kringvarp-en og søkt opp mitt færøyske favorittord:

det var vel gild lesnad, veit eg! problemet er elles vanleg, det var såvidt at vårt fly òg måtte snu og fara til Bergen. me landa med sånn omlag 200 meter mellom skodda og bakken. då var eg redd. men det gjekk bra. applaus og greier.