[gåtur til Argir, om lag 20 min frå heimen. dei nærmaste husa er Argir, byen bak er Tórshavn]

[dette er Gásadalur. dei har nett fenge tunnel. før måtte dei anten fire sauene/komfyrane opp frå havet, eller bera dei over fjellet til venstre.]

[utsynet frå klasserommet]

for å stilla verste saknet: te med ingefær, svensk musikk, regn og vind (som skulle eg ha tinga det). syngja bølgjesongen og gamle kvad. dela bilete på fjesbokgruppa. laga pasta med tomatsaus til middag. gjera ð til ein tast på datamaskina, så eg kan skriva «tað passar» når det passar meg.

vidare bearbeiding dei neste dagane: gradvis tilvenning til trea, skogen. kliva opp på eit skikkeleg fjell som ikkje berre er ein ås. læra slekt og vener å kveda og dansa, så eg slepp å vera einsam om det. med og utan akevitt.