(tyskland i leiinga)

det er altså så ov-pinsamt å sitja inne og sjå på fotball i 20 pluss! så då tenkte eg noko slikt som “enn om eg gjer noko vitugt samstundes, blogga til dømes? så det kjennes litt mindre flaut?” vel. nei. like pinsamt, om ikkje meir. no har eg jo jamvel greidd å avsløra at eg ser på fotball ein laurdagsettermiddag.

så då tenkjer eg resten av innlegget skal handla om at eg i alle fall har vore ute ei god stund i dag. biletprov:

eg er på stranda og ser på fallskjermhopparane. eg trur dei var flinke, men eg kom midt i tevlinga, så eg skjønte ikkje heilt kva ho gjekk ut på. var uansett mest oppteken av helikopteret. det var tøft, og flaug lågt.

(forresten, medan me er inne på tema; noko anna som er skikkeleg, skikkeleg pinsamt, er å ta bilete av seg sjølv. fy, no skjemst eg! dette plagar meg likevel ikkje meir enn at eg vel å leggja ut endå eit)

eg er eigentleg glad, men det var skarp sol. sjå berre, kor fine fokuserte steinar i framgrunnen!

til slutt: snakka tysk med turist i dag. han ynskte seg ei bok om tunnelane i Noreg. på tysk. for tunnel, det tykte han var særs eksotisk. eg forklarte at det ikkje finst eksotisk for oss, og difor ikkje er noko me sit oss ned for å skriva bøker om. eg lèt vera å seia at om ei slik bok hadde funnest, hadde ho ikkje for alt i verda vorte omsett til tysk. norske bøker på tysk handlar berre om troll og natur. (pinsamt).