: eg har gått så lenge på skulen at gangetabellen er heilt vekke

: om eg vil vita kor varmt det er, høver det best å gå ut på trappa og kjenna etter

: kva var det eg skulle skriva på limlapp og hengja på spegelen i går?

: vilt framande menneskje finn gleda i ganglaget mitt. ho smilte og lo hjarteleg vertfall. (det kan òg ha vore sminka, eller håret; at eg samanlagt var for pynta for lokalbutikken. eller berre at eg ferska ho i smugeting av søtsaker på veg heim)