me forlet Tórshavn og dreg i kvar vår leid. ei dreg til Køben og skriv ein fjesbokstatus om “Phaenomena Faroensia” – dette å treffa på det færøyske overalt i den danske hovudstaden. eg dreg til Voss og set meg til med ein kraftig oversett haug med Holbergtekstar. dei er tekne frå Danmarks og Norges Beskrivelse, og syner seg, til liks med København, å vera godt ispedd referansar til det færøyske. i riksvåpenkapittelet tek det heilt av. for verkeleg å påkalla nordkurslengt og -dagdrøyming, vert ikkje berre Færøyane nemnt, men òg Island og Grønland. og brått er eg langt inni det der diktet om alt som høyrer Danmark til, og eit godt stykke vekke frå arbeidskonsentrasjonen.


eg vert ferdig med riksvåpenkapittelet og er letta. med stendige tap av fokus tok lesinga av dette kapittelet seriøst lang tid. neste kapittel flyttar seg heldigvis vekk frå nasjonane, og over i krig og elende. her er keisame utgreiingar om festningar og hærfolk. ei ovmengd av nummererte stadnamn den datalesne teksten ikkje har greidd å hanskas med. og skildringar av krigsskip. Ormen Lange, til dømes.

kva gjev du meg? heldigvis timeløn. (løn per ark eller teikn til dømes, ville vore sveltihel)