om ikkje den norske æ-en og den franske œ-en vert fårleg like i handskrift? vel, eg gjer slik:

no veit eg ikkje om noko moderne språk som nyttar båe desse teikna samstundes, så den potensielle likskapen mellom dei er truleg ikkje noko stort problem. likskapen mellom æ og a, for dei som skriv æ slik som eg, er det verre med. no burde eg sjølvsagt teke med a-en min på biletet, men sidan eg ikkje har gjort det: a-en har (ideelt) berre eitt “hol”, altså ingen strek gjennom seg, og er ein runding med strek ut nedst til høgre. (dette kan sjølvsagt fort verta ein o. men det er ei anna soge)