brått fekk me ein heil dag med 25 varmegradar og sol utan opphald. etter noko vantru og klesval-vanskar i byrjinga, tykkjer eg at eg handterte situasjonen eksemplarisk. eg var ute.

det var så varmt at det ikkje gjekk an å tenkja, og så fint at ingenting var vanskeleg. der er me ikkje heilt samde, fjella, sumarvarmen og eg. kvifor skal dei alltid blanda seg inn? dessutan prøver dei for hardt, ingen treng så mange jordbær i veggrøfta, uansett kva. men i går lét eg det berre vera, sidan eg fekk så mange fluger i augo. og fann ut at eg har blitt mykje sterkare enn førre gong eg sykla rundt vatnet.

(og medan eg skriv den siste lina, vert eg medviten om at den 4-aren eg fekk i gym på vidaregåande var ein mykje dårlegare karakter enn eg trudde den gonga. eventuelt vert eg skuffa over nivået. slik eg plar verta når eg får akseptable karakterar for det eg held for å vera dårleg innsats frå mi eiga side.)