ein film som er i Bergen, men helst burde vore her. (fiska! det har eg ikkje gjort enno – skal eg sanneleg gjera når keisemda kjem over meg neste gong)

vind i bjørka, håret, overalt, heile tida

eg oppdagar den sjette – sjuande? åttande? måten å skriva “Danmark” på (Danmark, Dannmark, Dannemark, Danemark, dannemark, Dannemarrk, Dannemak und so weiter)

biltur med mor mi – til Evanger og bruktcafé. kupp i framgrunnen.

ljodspor: rockettothesky og susanne sundfør

eg vil helst visa dykk alt frå dei siste skivene til desse to. så mykje ligg ikkje på youtube, og gamal som eg er har eg ikkje spotify. eg har ikkje skikkeleg mp3-spelar heller, berre mobilen. og ikkje itunes. og ikkje er eg lur nok til å lasta opp sjølv. så de skjønar at her krevst det ein viss innsats frå dykkar side. men det greier de fint, det er verdt det!