så, då har altså favorittskribenten og kvardagsheltinna – Agnes Ravatn, i fall det skulle vera naudsynt å nemna for nokon her – greidd å gå på ein valdsam skattesmell. slikt vert det underhaldande essay av. no er det slik at desse tekstane står i Dag og Tid, ei vekesavis for oppunder 8.000 heldige utvalde (men med aukande opplag, ifølgje avisa sjølv). det eg seier, er at det fort kan vera at nett du står utanføre dette glade selskap, og difor ikkje har kunna teke del i Ravatn sitt “lev på så lite pengar som råd”-prosjekt dei siste vekene. det tykkjer eg er leitt, så eg vel å dela litt frå desse tekstane. vert ein lysten på meir av same slaget, kan ein skaffa seg eit abonnement på avisa, eller kjøpa bøkene til Ravatn, til dømes. ho skal jo ut med ein del pengar i november òg, så det kjem nok godt med. men no: skamlaus klypping or tekstane til andre:

I.

Som den glade sosialdemokrat eg er, kan forbipasserande ofte høyre meg bryte ut, akkompagnert av ein klukkande latter: “Eg betaler min skatt med glede!” Men no viser det seg derimot at eg slett ikkje har betalt min skatt, og iallfall ikkje med glede. […] Eit visst talent for fortrenging og ei lettsindig tilnærming til økonomi resulterte til slutt i ein smell på 167.000, fekk eg beskjed om no i april. Berre for å ha det heilt klart: Eg synest ikkje synd i meg sjølv. Tvert imot – utrøytteleg opportunist som eg er, ser eg lyst på den privatøkonomiske katastrofen. I same sekund som eg utstøytte eit konformt skriv ved synet av utrekninga frå skattekontoret, fór det ei sterk kjensle av fridom gjennom meg: no kan eg ikkje gjere nokonting meir! song hjartet mitt.

Det verste er nok likevel at mitt sosiale liv vil gå dukken. Om sommaren skal folk plutseleg drikke så mykje, og er det noko som er grotesk å vere vitne til her i verda, så er det fulle folk når ein sjølv er edru som eit nyfødd lam. Eg les på nettet at ein kan få ein sterk, langvarig og livsfarleg rus av muskattnøtter. Eg har faktisk ein heil del muskatnøtter liggjande i huset, men kan ikkje risikere ein muskatpsykose akkurat no, for eg skal delta i ein viktig panelsamtale på Dei nynorske festspela og må vere ved mine fulle fem.

II. “på dei spynorske mordfestspela i Ørsta”

Det er dette som er parasittens dilemma: Skal ein spele med opne kort og seie: Ja, eg er ein parasitt, men i det minste ein ærleg ein. Eg har ingenting, og om du vil hjelpe meg, har du ein venn for livet i meg, og du kan alltid kome til meg om du er i trøbbel. Eller skal ein snike seg rundt og basere seg på smular frå dei rikes bord, som ein stygg ål? Eg vel så klart det siste.

Seinare på kvelden kjøper eg tre øl for ikkje å bli oppfatta som ein festbrems. Nynorsk drikkepress er om muleg endå vanskelegare å motstå enn vanleg bokmålspress, og det kostar meg 150 kroner.

Inspirert av forteljinga om mannen som starta med ein binders, som han bytte mot stadig meir verdifulle ting, til han til slutt sat att med eit heilt hus, har eg fått tak i ei klesklype. Men det er aldri nokon som har noko dei vil byte, og iallfall ikkje mot klesklypa mi, og etter ei stund gir eg meg. Resten av dagen går med på å snike seg inn på arrangement på den vanlege måten, i tillegg til å bomme sentralstimulerande middel frå målrørsla, nei då, det dreia seg mest om vin.

Når eg har hoppa av bussen, er eg så moralsk nedslipt at då eg passerer min vesle kolonial på veg mot inngangsdøra, fell auga mine på ein fersken. Denne skal du ha, seier ei røst (som er mi). […] 4,50 kostar han. Ganske billeg til å vere forboden frukt.

III.

Framme ved det vesle vatnet får eg sjå følgjande: myrull, molte, blåbær og augnestikkar. These are a few of my favorite things. Og brått: eit ekorn! Og ei skogsdue. Og så høyrer eg ei ugle! Og der kjem det sanneleg ein liten andefamilie mot meg. Det blir nesten for mange inntrykk. Det gjeld å ikkje la seg affisere heilt av naturen, ein må ikkje bli for mjuk, for sentimental; naturen er der først og fremst for å stå til teneste, tenkjer eg, han skal dekkje mine primærbehov. Kjølig og drapsklar finn eg fram fiskeutstyret.

Om kvelden er eg invitert i ein trettiårsdag. Eg kjenner ikkje andre enn bursdagsbarnet og kvir meg. Finst det noko verre enn framande, unge folk? Eg blir nøydd til å kjøpe vin for å halde dei mentalt på avstand, så der ryk 200 kroner.

men, Agnes, 200 kroner?! har du ikkje høyrt om sparkling apple wine til typ 60 spenn flaska?

IV.

Men eg vil dele eit sitat, og sitatet er sitert etter Liv Ullmann, trur eg, og i kva grad ho siterte nokon andre igjen, vil eg ikkje spekulere i. Sitatet gjeld i alle høve sjenanse (og verdigheit), i dette tilfellet Liv Ullmanns sterke sjenanse i sosiale samanhengar. Men då det ein dag slo henne kor ekstremt sjølvoppteken ein jo faktisk er når ein er sjenert, slik ein går rundt og innbiller seg at alle held ein under oppsyn, la ho heile sjenansen på hylla. Eg har prøvd på det same, men så er eg jo sjølvoppteken, så det er lettare sagt enn gjort.

Ellers må eg jo seie at jobbmulegheitene strøymer på. Eg har mellom anna fått tilbod om 10.000 for å skrive ei masteroppgåve i nordisk om Kristoffer Uppdal. No vel, eg parerer dette kjapt ved å slengje ut følgjande tilbod til Universitetet i Bergen: For kroner 11.000 avslører eg namnet på den juksevillige studenten dykkar.

Og no skal eg setje kursen mot Vest-Telemark, der eg har skaffa meg eit stort måleoppdrag. Eg blei sinnsjuk i gjerningsaugneblinken og fekk ein idé om at eg skulle sykle til Vinje, nynorskens vestkant ifølgje Georg Johannesen, men fornufta melde seg svært raskt. Det er som med fiskinga: Vinninga går opp i spinninga (skal uttalast med tonem 1 slik at den elegante sykkelreferansen kjem tydeleg fram). Så det blir visst gamle, gode Haukeliekspressen på meg.

(hei du syskenbarn i hovudstaden, kanskje ho kan hjelpa deg med å flytta?)