i dag tidleg opplevde eg – framleis i svevn, drøymande – at undermedvitet greip inn og lèt meg velja om eg ville vakna eller ikkje. om lag slik:

– viss du opnar augo no, vaknar du. har du lyst til det?
– eg veit ikkje heilt. eg held på med denne draumen, veit du
– du kan få avslutta han på ein skikkeleg måte først, viss du vil. men om du sovnar heilt inn att, vert det kanskje slik som dei andre dagane (her siktar undermedvitet til at eg i det siste har vore daudstrøytt når alarmen går, og sove alt for lenge)
– veit du det, at det vert slik då? veit du at det vert lettare viss eg vaknar no?
– nei, eg veit faktisk ikkje. men prøv no
– men kva om eg angrar etterpå?

først her får eg kontakt med meg sjølv. eventuelt er det fornufta som gjev seg ut for å vera meg, sidan det er ho som har sterkast verknad på meg. kva det no enn er seier noko slikt som:

– herregud kvinne, her får du eit høve til å vakna roleg på ein vekkjarklokkelaus måte, endåtil tidlegare enn det du hadde tenkt, og så evnar du å vera i tvil om kva du skal gjera! sjå til å verta ferdig med den draumen, og vakna. du veit godt det er lettare å vakna av seg sjølv enn av alarmen.

så då vakna eg, klokka ti på halv åtte. og det gjekk bra. eg var særs opplagt endå det var over ein time til alarmen, og endå klokka var halv tre sist eg såg etter. ei varm takk til alle involverte.