mengda lesestoff kvalifiserer åleine til nerdestempel. mengda språk involvert stadfestar. (eg var på tur ei veke)

øvst, frå venstre: nynorsk, 3 x fransk
nedst, frå venstre: bokmål, svensk, tysk, tysk + fransk*, fransk

eg skal ikkje skryta av å ha lese alt dette i ferieveka mi. faktisk har eg berre lese ut syn og segn (utruleg underhaldande om rappebattling! kan også godt lika at bladet sildrar fransk strandsand rett som det er), bladd i to av dei franske blada, lese litt Murakami (bokmålsboka), litt i den tyske (hatar ho, har halde på i fire år, heilt sant. er såpass disiplinert at ho skal lesast ut, same kva.) og har kome nokså langt i den svenske som eg fekk i går.

* tospråkleg utgåve med to framandspråk i. lukke.