i serien “mat du ikkje visste fanst, fordi det skal godt gjerast å vera så lat/desperat/galen, at du kjem på idéen”, slær eg i dag eit slag for byggris + rive gulrot + ananas. kok risen. samla alt i ei steikepanne. steik. ferdig. det slær meg at kvit fisk ville vore perfekt følgje, men det hadde eg ikkje. med pepar og oregano var dette riktig godt, sjølv om det sikkert er langt frå fullverdig. for eventuelle uroa mødre melder eg difor at ein anstendig lapskaus er under planleggjing til i kveld.