eg har ofte lag med nyhetskanalen om føremiddagane. då kan eg først nyta samkøyringa med p2, og så nyta å sleppa mozart og madonna, for når det byrjar vert nyhetskanalen anten svensk eller engelsk i staden. eg er jo god språk og informasjon-studine, og difor kronisk kritisk til alt media fer med (unnateke det eg les i dag og tid, sjølvsagt), og særleg i dag merkar eg at nyhetskanalen kanskje er det mediet eg er absolutt mest skeptisk til. for kva får eg høyra? kva er det for nyhende dei vel å dela med meg? berre tant og fjas*! gjerne i ei humoristisk tone, eg tek meg sjølv i å flire med, og tenkjer nei! nyhende skal jo vera keisamt og trist. kvifor snakkar de ikkje om det keisame, triste og alvorlege som hender? dei skikkelege nyhendene, verdsøkonomien som bryt saman og alle naturkatastrofene? eg ventar at nyhetskanalen skal formidla dette til meg, gjerne i program som er altfor djupe for meg.

men altså, i staden, her representert ved dei nordiske landa:

Sverige har for masse villsvin, og dessutan må folk få lov til å ha barneporno på datamaskinene sine viss dei vil. helsing piratpartiet.

medan Sverige har for masse villdyr, manglar Noreg ein heil lundeflokk oppe i nord ein stad. ingen veit kvar han er, og dei lundane som er att er ikkje interessert i å forauka seg. radioen kan også opplysa at om ein vil skaffa seg pengar på ulovleg vis, er svindel mykje betre enn ran (forklarar så korleis dette kan utførast). me har ein god fotballspelar, Husekleppen, og han syntes det var kjekt å laga to mål. det alvorlege på programmet er evige Hardanger, og daggamle sitat frå dei som vil reisa til Grønland. desse fulgt opp av den like daggamle, resignerte meldinga frå den lokale lensmannen som ikkje vil dei skal koma.

Island er skikkeleg dårlege i fotball.

Danmark har visst korkje vanskar med for rikt/fattig dyreliv, fotball, kraftutbyggjing eller tvilsam politikk, for dei høyrer me ingenting i frå. anna enn han veldig oppgjevne lensmannen på Grønland, då.

eg reknar med det heile er ein freistnad på å ikkje øydeleggja feriestemninga til folk med alt for tragisk nytt. og bur meg mentalt på undergangsstemninga me truleg vert presenterte neste veke, når kvardagen tek til.

*eg låner/adopterer den gode frasen din, Ingrid. vonar det går greitt sidan du får litt creds her under teksten.