Bergen – Bordeaux 15:00. ho med dei tre notatbøkene. skriv febrilsk i alle. kunstnar eller hjartesorg.

somme stader, særleg flyplassane, får eg høyra alle språka eg elskar innanføre eit veldig lite område.

opplever dyrehage frå innsida då me venta ved bagasjebandet.

Bordeaux – Oslo 22:35. han attmed meg på flyet, som fylde stilla i ekteskapet sitt med å kommentera alt han gjorde. (tilfeldig døme: “no tek eg av grønsakene på sandwichen”) to og ein halv time heim.

det slær meg kor skitne antibacflaskene må vera, som vert dregne rundt overalt.

flybussen, ei gong kring klokka to om natta. ho framom meg som slo på ljoset på bussen for å lesa se og hør.

Oslo: betalte 40 spænn for å vitja Ingrid i Bogstadveien. vel unnt. borla meg til Bergkrystallen med både bane og buss. dei innfødde snakka om denne “Bergkrystallen” som var det eit heilt vanleg stadnamn (“d’ær så ‘irriterende at vi må gå av hær åsså ta buss te ‘ Bærrkrystallen!”).

Oslo – Bergen 06:31. siste dag med arbeid på jarnbanen, og omkøyring. ikkje noko Drammen, ikkje noko Hokksund. i staden: signa akklimatiserande norsk natur i morgonsol.