i går var det meininga at i dag skulle involvera minst tre timar entusiastisk korrekturlesing. i staden hende dette:

veldig, veldig varmt, og tillaup til kødanning opp Fløien. eller forresten, køa – for ein stor del tysk- og italienskspråkleg – gjekk jo hin vegen, sidan dei møtte meg då eg var på veg opp. oppover gjekk det nok mest i norsk, tala av fræsk ungdom som lett prioriterer ekstra trim føre den skamdyre banen. eller brukte opp stipendet på øl i går, eller ikkje har fenge stipend enno ei gong (eg).

medan eg ferdast slik i fjellet i økonomisk otte og sut, går tankane mine til dei som har det verre. kvardagsheltinna, Agnes Ravatn, held jo framleis på med dette overlevingsprosjektet sitt. ein nettnerding-lesar (ikkje mindre enn ein kollega av sjølvaste Agnes) rekna med at eg skulle oppdatera om dette framover, så då får eg gjera det då. i siste Dag og Tid-avis var det ikkje noko Ravatn, og no er eg veldig uroa for henne. har desse mangelsjukdommane ho frykta slik i byrjinga av prosjektet, faktisk meldt seg? har ho i så tilfelle råd til medisin?

no, uansett. i avisa før var ho i alle fall i full vigør, og spela vekk vindaugsvaskløn i poker:

*

Då fekk eg ein farleg idé. Eg har nemleg anlegg for spelegalskap, men har alltid lagt passeleg lok på denne mørke sida av meg sjølv.

Til slutt sette ho meg all-in. (Eit lite apropos: Det er ein skrikande mangel på norsk pokerterminologi. Her ser eg ein liten sjanse for nynorsken. Eg føreslår følgjande ordliste, beståande av korte og fengjande nynorskrelaterte ord som erstatning for dei engelske, og om folk går saman om å bruke dette, vil det raskt spreie seg:
check = koht
call = skard
bet = blix
raise = parr
fold = sivle (morbid humor)
flush = ross
straight = vinje
royal flush = storegut
flop = midtbø
all-in = aasen
Klypp ut og pugg

Men eg blei altså sett “aasen” og visste at mitt siste minutt var kome.

Til trøyst gjekk eg seinare på kvelden på besøk til ei alkoholhaldig venninne som akkurat hadde hatt nærkontakt av tredje grad med taxfreebutikken på Gardermoen. Eg lova å vaske vindauga hennar som betaling for dei milde gåvene ho serverte meg. Då me etter nokre timar gjekk ut, blei me mellom anna oppsøkte av ein framand mann som sjikanerte oss i tjue minutt. Han hadde ein slags underhaldningsverdi, så me lét han halde på medan me høyrde på […]

*

for fyrste gong i mitt liv har eg skikkeleg, skikkeleg lyst til å spela poker. sjølv om eg fort kan verta sett aasen, eg som ikkje kan poker i det heile.