eller: dei mange grunnane til samanbrot kring studiestart.

– minst halvparten av førelesingane byrjar åtte
– me har ikkje tilgjenge til bygget me skal vera i
– (dette opnar ei gong etter åtte)
– me har ikkje tilgjenge til toaletta i bygget me skal vera i
– undervisningslokala har ikkje vindauge. ein morgon verka ikkje ventilasjonen
– undervisning på Fløien. klokka åtte ja. stjerneorientering i regn utan kart, og så ned att
– pensum er ikkje klart
– (pensum er stort sett triste kompendium)
– ein del artiklar må me sjølve skriva ut, men me veit ikkje kva for nokre, for me kan ikkje sjå etter i kompendiet for det er ikkje klart
– for å skriva ut artiklar må ein ha pengar på studentkortet sitt
– eg har ikkje pengar på studentkortet mitt
– når eg (på bibliotektet) er midt i prosessen med å fylla på kortet ber “trygg netthandel” om det passordet eg ikkje kan
– etter tre freistnadar må eg inn i nettbanken for å laga nytt
– kodegreia til nettbanken ligg heime
– studentkortet mitt er elles for gamalt til å kunna brukast på juss II, og eg må på kortsenteret og få nytt
– eg har stort sett undervisning når kortsenteret er ope
– dei dagane eg rekk innom, er dei ufotogene dagane. til dømes etter undervisning på Fløien