i ei smal gate møter eg alle brannsupportarane som er på veg heim frå kamp (uavgjort). eit veldig langt stykke er eg den einaste som går motsett veg, og dei er så mange, dei som går hin vegen! biletleg og fint. eg tenkjer på orkane frå ringenes herre, og den filmen som far min titt pratar om, “vi er alle broilere”, eller noko slikt. nett no er eg den einaste som ikkje er slaktekylling. og den tida motstraumsopplevinga varer, får eg vera ein song av raymond & maria.

jag ler på riktig
har inte skaffat något att dölja
och vad ni än tror
så är det mig ni måste följa

~ redan idag

nokre minutt i einsemd før eg møter siste krampetrekning bakom svingen der. (viss nokon sakna logikk her, så gjekk eg ein stor runde rundt stadion, og kunne såleis møta raudskjortene kvar som helst. det heile skuldast dårleg research. eg brukar ikkje gå ut på kampkveldar.)