eit innsyn i den rike ordskatten til slekta mi. til glede for dei allereie innvidde, og truleg mest til forvirring for andre. orda er av gamal og nyare dato, med stutte forklaringar til. lista vil verta oppdatert i ny og ne, det er trass alt vorte til ei imponerande mengd ord og omgrep etter kvart. (eg er freista til å kalla tilstandane polidiolekt).

aia (-fjell): eit slags troll som var eit fjell. opphav til leiken med same namn.

artigkaren: boks mellom framseta i familiebilen. oppi artigkaren ligg det musikk og tyggis, og dersom bilferie: kanskje snop.

arvidlapp: kvit kartongbit frå kunstnaronkelen på Strondæ. alle innvidde vert forsynte med store mengder, som me nyttar til handlelister og mimeleik. sjå mimelapp.

bestemorbasar: tradisjonsrik tilstelning nede i stova til bestemor når eit fleirtal av borna (hennar) var heime. soleis fall bestemorbasaren ofte saman med andre høgtider som jol og påske. vinstane høyrde hovudsakleg til i to kategoriar: I: spøta/heimalaga II: ting bestemor vil verta av med, utan å verta nøydd til å kasta det. (eg trur) det var lov, og ofte naudsynt, å byta litt innbyrdes etter at alle vinstane var trekte. bestemorbasar gjekk elles skapleg føre seg med skikkeleg loddbok og sutling med kaffi og brus.

blasano: naseblod. nestyngste bror var mykje plaga med dette i oppveksten, og det er såleis dei tidlege uttalefreistnadane hans som har etablert seg i heimemålet.

blett: adjektiv for noko med litt avvikande form (i forhold til det ein skulle venta av tingen). “denna va litt blett.” jfr. blettskei.

blettskei: i utgangspunktet ei bestemt skei som nokon hadde bøygd litt på, så ho fekk ein knekk og vart upraktisk å eta med. no kan ein òg nytta omgrepet om andre skeier med avvikande form, t.d. syltetøyskeiene. det er ikkje kjekt å eta graut med blettskei.

bodeng: barnleg (uvisst kven sin) uttale av ‘pudding’. me såg ikkje noko grunn til å gå vekk frå denne uttalen, sjølv om me vart eldre, og lærte kva det eigentleg heitte.

botta:  klipa/kneppa litt på ein annan person. ein bottar helst på leggen til folk, slik at det kitlar.

dell: duell (i dataspelet lego racers). uttalen truleg motivert for å kunna danna rim med “kveld”: “dell te da blir kvell?” sjå elles fuste ruste, tonde ronde, osb.

eggesongen: “eg er så glad kvar jolekveld”. dette er rett nok ikkje ein referanse som vart til her i heimen, her er det faktisk nokon utanfrå som har teke feil. det er likevel sopass mykje snakk om eggesongen kring jol, at referansen lyt vera med i ordlista. eg kjenner ikkje utviklingssoga til omgrepet, men trur det er far min som har innført det i vårt ekstremlokale talemål.

filmemann: viser til kameraet som køyrer på utsida av skøytebanen. bror P og eg såg i barndomsåri mange skøyteløp på fjernsyn, berre for å fylgja med på filmemannen, samstundes som me laga barnlege rim om han.

fornøyeleg: brukt mykje om det meste som er positivt eller litt løye (rart), kanskje særleg om det som ser litt løye ut.

forsynleg: gjennomsiktig. truleg særs villeiande for uinnvidde, då omgrepet enkelt kan tolkast som noko som er ‘synleg i for stor grad’.

fuglaputo: ei stor kvit pute med brune (eller myrkeraude?) fuglar på. nettnerden sin beste ven og samtalepartnar før ho hadde lært å snakka. fugleputo kunne passa ungen nokså lenge viss opphavet trong litt fri.

fuste ruste: første ordenstal innanfor lego racers-terminologien. tyder “første runde”. teljemåten er sterkt styrt av rimtvang, og vidare følgjer: tonde ronde, tredde redde, fjære rære, femte remte, sjette rette og sjunde runde. teljesystemet har seinare fått vidare bruksområde til å også omfatta trimrundar i nabolaget. (entusiastisk:) “tonde ronde!” = “eg joggar/går ein runde!”

gamlaseng: helst nytta i bestemt form, “gamlasengæ”. eldre møbel i stova, brukt til rekreasjonstid om ettermiddagen, og heilt naudsynt for helgestemning. sjå oldbedding.

harva: havregryn/havregraut. truleg tufta på lesefeil. godt etablert omgrep, etter at dei på kattaloftet tok til å “koka harva” til frukost kvardagane.

idasmør: brelett. omgrep som heng att frå dei kresne ungdomsåri til eldsteungen, det næraste ein kom noko reelt ungdomsopprør frå den kanten. ho kan melda at ho no et anna smør òg, jamvel soft flora (det er billegast), men set pris på at det framleis ventar ei pakke brelett i kjøleskapet når ho er heimom.

jakkadi: gledesutrop, gjerne i samband med hopping, særleg i bratt terreng. t.d. hopping utføre ein kant, eller over eit lite hopp i skibakken. brukt i sistnemnde kontekst: “ned her er det skikkelig jakkadi” = “ned her kan ein verkeleg hoppa og tulla og fara gape åt“. fyrste gong nytta om nokre kraftleidningar som gjekk frå fjellet ned til Årdal, og som “var sånn jakkadi”.

johans-marta: katt frå barndommen hennar mor, som i kommentarfeltet kjem med følgjande opplysningar om dyret: “Johans-Marta var oppkalla etter folket me kjøpte hyttetomt av i 60-åra. Anonym mor hugsar ikkje om me fekk katten hjå dei.” sjølv er eg framleis overtydd om at Johans-Marta i daglegtale fungerer som eit samleomgrep for opptil fleire kattar som har budd i dette huset. Johans-Marta hoppa maxis, laga plog inni ei bok og åt agurk.

kattaloftet: det som no er stova heime hjå foreldra mine. var eit kaldloft før me flytte inn.

kattaspyføre: omgrepet er truleg frå 60-talet, og skildrar slikt skiføre som vekslar raskt mellom god og dårleg glid. nokre få meter skare fylgt av nokre få meter djup laussnjo til dømes.  det vert vanskeleg å halda balansen, og når ein skrir på slikt føre, rykkjer ein att og fram som ein uvel katt.

kavoldar: det onklane leika cowboyar med etter smalahoveeting [frå anonym bidragsytar]. for dei som ikkje kjenner så mykje til smalahoveeting, er ‘kavoldaren’ kjevebeinet. det liknar på ein revolvar. sjå illustrasjon:

knepp: sms/e-post. jamfør kneppa.

kneppa: vanleg verb, hjå oss brukt i veldig vid forstand. ein kan til dømes “kneppa på mobilen/dataen” = senda melding/e-post, spela dataspel og “kneppa vin” = drikkja pappvin.

knut: ein liten regnbogefarga ball. opphav til balleik med same namn og diffuse reglar. i korte trekk: ein person stod øvst i ein bakke (sjå oppe) og kasta ei stor mengd ballar ned til dei andre, som skulle hindra ballane å treffa gjerdet.

laug: katt. skrive med stor bokstav er det snakk om kjetta på biletet under.

utviklinga til ordet “laug” har gått langs ein så brokete veg at ho ikkje kan gjerast greie for i sin heilskap, men i korte drag:  katten over heitte opprinneleg Myshild. me tok til å ta feil av siste ledd, så “hild” -> “laug”. så rauk første staving i ledig kvardagsspråk, og katten vart Laug. særmerknad: ordet kan bøyast i både hankjønn og hokjønn, så det kan såleis heita både “laugen” og “laugo” i bestemt form eintal (hokjønnsbøying helst berre nytta om at ein veit det er ei laug).

mimelapp: arvidlapp brukt til jolehøgdtidleg mimeleik. sidan mimeleiken vart etablert før dei yngste kunne lesa skikkeleg, er mimelappane utstyrte med både ordet ein skal mima, og ein illustrasjon dei mimelappansvarlege har teikna. mimeord fell stort sett i kategoriane intern “ida”, barnslege “prompenisse”, eller mummidalen “hufso”.

mjølstemme: særprega hås røyst, slik ein får når ein til dømes får rusk i halsen medan ein snakkar og såleis kjem i ein slags fistel, eller berre held fram å snakka utan ljod. mjølstemmeomgrepet vart fyrste gong nytta i samband med ein av våre mange heller utilgjengelege barndomsleikar. denne leiken gjekk anten ut på å springa rundt huset med munnen full av mjøl eller skremma dei som sprang rundt huset ved å “skyteblåsa” mjøl på dei når dei kom springande om nova. kanskje ein kombinasjon? kor som er vart me deltakarane fort mjølhåse av alt mjølet me pusta inn i lått og lauping.

mus: sjokolademousse/Laugo. skal uttalast med veldig tydeleg, lang u. i tydinga sjokolademousse berre lokal uttale av “mousse”. i kattenamnet dreier det seg om ei lågning av vokalen i den første stavinga i det opprinnelege namnet: Myshild.

Myshild: det katten eigentleg heitte. forholdsvis lite brukt. i staden stod me ute på trappa og ropte på “Mus” eller “Laug“.

navleprogram: samleomgrep for sosialpornografiske fjernsynskonsept. slike ser du på tvnorge. tydinga er nært knytt til innhaldet i programma, kor plastisk kirurgi er eit mykje vanleg innslag. omgrepet høver også godt på altfor utleverande program om folk med sjeldne syndrom og liknande.

oldbedding: refererer til det godt innarbeidde konseptet “å opphalda seg i gamlasengæ meir eller mindre samanhengjande frå fredag ettermiddag til sundag medan ein les alle helgeavisene og får andre til å henta potetgull og vin til seg.” sjå gamlaseng. ordet er ei nydanning frå sumaren 2010, og allereie godt innarbeidd.

oppe: omgrep frå spelet knut. opphavleg brukt om personen med den kjipaste oppgåva i ballspelet “du må ve oppe”. vart tidleg teke i bruk innanføre jolamiminga, då for den personen som delte ut mimelappar til deltakarane. har no utvida tydinga til å gjelda dei fleste situasjonar der ein går inn i ei rolle det knyter seg eit snev av makt eller vyrdnad til.

pantboa: panteflaske/pose med panteflasker/sjølve pantinga. omgrepet er stelt frå Kosteröarna, der dei har god skilting til pantboaen sin. “det var mykje pantboa i grøftæ i dag, må ta med pose på neste tur”

potterock: gruppe/konsept innanfor litt tyngre rock. berre perkusjon; tilfeldige matkar, blomepotter, bøtter og ei flaske med tilhøyrande pinne var sentrale. namnet er heilt klart motivert gjennom dobbelttydinga til blome- og tissepotter. hadde i stordomstida sporadiske øvingar i kjellaren, samt intimkonsertar for eit lite engasjert publikum som prøvde å fylla rolla si som best det gjekk an. spelte inn ein halv kassett med hitane “da står ein klovn utfø vindue”, “potterock” og “eg har gøymt ei potta der”.

rrrenna: opphavleg eit omgrep knytt til togspelet (sjå togspel). skildrar dei lengste linjene ein kan byggja i eitt drag, med seks vogner eller fleire, vel å merka berre når desse er ei kurve. er linjene rette, heiter dei noko anna, men eg er litt uviss på kva – kanskje pinne? ordet “rrrenna” skal uttalast med lang skarre-r, noko som er ei utfordring for både lokale og inngifte togspel-spelarar i heimen. omgrepet har fenge spreidd tyding til andre situasjonar som liknar rrrennene i togspelet, til dømes bilkø; “No køyrer me i ei rrrenna”.

rosinbjørka: bjørk som produserte rosinøskjer, men berre dei gongene bestemor var med på tur. eg trudde på rosinbjørka lenge, jamvel etter at bestemor hadde avslørt seg.

snigla: verb som skildrar handlinga/aktiviteten å fjerna sniglar frå hagen med makt, salt eller saks. ordet er mykje brukt i sesongen, sidan ein både kan og bør skryta av utført snigling.

sogne: heimleg variant av “konge”, uttrykk for noko særs bra. døme frå røyndi: “da seie seg kanskje sjøl, men da e sogne i Sogndal!”.

strondæpizza: tradisjonsrik laurdagskveldsmat frå Strondæ. oppskrifta fanst truleg på Strondæ lenge før pizzaen offisielt kom til Noreg. oppskrifta går i arv, eller vert formidla på kurs for spesielt utvalde.

sutla: verb nytta i samband med vin eller te, i tydinga å drikkja dette. knytt til teen er bruken det eg oppfattar som svakt nedsetjande “det var no fæla sutling med te!” (= kritikk av høgt inntak/ovbruk av kaffitraktaren til vasskoking).

sørlig banan: Sør-Libanon. nett dette omgrepet trur eg faktisk kan vera i bruk også i andre familiar enn vår. det er slikt som skjer når born høyrer på radio. omgrepet er ikkje i bruk lenger, men gjorde elles trasige sendingar frå Midtausten veldig kjekke for dei særs unge i byrjinga av 90-åra.

togspel: brettspelet “ticket to ride”. her med bror i full sving med poengoppteljing.

til togspelet knyter det seg ein del omgrep som det kanskje er best å presentera i umiddelbar nærleik til spelet, så her vert det uorden i alfabetiseringa:

bugga: verbet “byggja” uttalt på togspelsk. refererer til at ein skal plassera ut tog på ei strekning.

fornøyeleg/forsynleg/fortryllande: kort som ligg i ein bunke der ein ikkje veit kva ein får. ein kan trekkja to. “eg tek to fortryllande”.

helikopter: lokomotivkort. universalkort som kan vera til god hjelp, men ein kan berre ta eit slikt om gongen.

*

tullball: ein alltid meir eller mindre ròten ball (sjølv om me bytte han ut av og til) som var bunden til eit fiskesnøre som var festa til ein staur som stod på plenen på hytta. to om gongen kunne me daska på ballen med nokre utskorne plankebitar slik at snøret vikla seg omkring stauren. det var om å gjera å få ballen heilt inntil stauren. dette kunne me halda på med utruleg lenge.

tv2-benken:  trongt møbel som stod nede i gangen. som ordet syner, var tv2-benken brukt i samband med fjernsynssjåing, meir spesifikt tv2. her vart dei tilviste, dei som ville sjå på slik ein mindreverdig kanal samstundes som nrk sende meir høgverdig kultur oppe i stova. frå tv2-benken var det om lag ein meter fram til eit reisefjernsyn med nesten doble bilete, vaklete antenne og av og til fargar. her såg me “de syv søstre” og anna skit.

utkikks: nettnerden sin variant av “utsikt” i barndomsåri, og framleis i bruk. “Her var da fin utkikks”

vaflefest (på tråppæ): til liks med bestemorbasar ei tradisjonsrik tilstelning som vart skipa til ved dei høve når mykje slekt var heime. vaflefest på tråppæ er likevel noko fastare knytt til sesong enn basaren: vaflefesten var eit vår/sumarteikn, ei markering og feiring av at no var vorte varmt nok i vêret til å sitja ute på trappa og drikkja kaffi. kunne soleis stellast til heile sumarhalvåret, og so langt ut over hausten det lèt seg gjera.

veige: verb frå trøndertraktene, ev. nydanning, som skildrar arbeid med (grus-)veg, t.d. grøfting, skifte av grus, vatning og salting. “eg skal ut og veige” kan såleis tyda så mangt, men me veit i alle fall kvar vedkomande oppheld seg.

vetlevangen: omgrepet er mest truleg laga av nettnerden sjølv, då ho var tre år og me hadde flytt frå sentrum til meir rurale strok, 4,5 km utanføre. sentrum heiter Vossevangen, men me seier berre Vangen. i treåringen sitt omgrepsapparat var Vangen = matbutikk (særleg fruktavdeling der ho fekk vega og trykka på knappar). såleis var det naturleg at den nye lokalbutikken òg var ein ‘vang’, berre litt mindre enn den andre. her var jo både butikk, post, eit nedlagt herberge og eit anna hus som er rive no. og sjølvsagt fruktvekt med knappar. på veg heim frå Vetlevangen fekk me eta skalken på brødet, men av og til åt eldstebroren ein del meir, sånn at halve brødet berre var skorpe med hol inni når me kom heim.

vumme: lokal variant av jumme (som heller ingen utanføre slekta forstår lenger). tufta på ei talefeil, og opphavspersonen er grundig lei av å høyra ordet i bruk kvar gong [rjomen] (rømmen) kjem på bordet.