rett som det er får google crome (det er eine nettlesaren min) for seg at facebook er på eit anna språk enn norsk. oftast er dette engelsk eller finsk, som skuldast jamn ovbruk av engelske lån hjå dei fleste, og nokre finske kjenningar eg har. nesten like ofte går google crome på ein seriøs smell, og trur at facebook er på svensk, fordi eg har so mange vener som skriv nynorsk. det er jo litt søtt. og resultatet vert sjarmerande ravgale om ein aksepterer framlegget om å “oversette siden?”. i kveld var facebook brått på islandsk, om ein skal lita på nettlesaren, då. noko ein ikkje skal overhovudet, sjølv om det evig langt nede på heim-veggjen synte seg å vera èi heil islandsk statusmelding. so langt nede at ho kom utanføre det omsette området. eg fekk ikkje vita om nettlesaren faktisk kan islandsk. (forbanna.) det som på hi sida var innanføre omsetjingsradius, var ei melding skrive på rørosmål, og som etter omsetjing – frå “islandsk” til bokmål – vart til noko heilt anna, meir som eit lite dikt. det opprinnelege innhaldet gjekk so til dei gradar lost in translation, so eg tenkjer dela verket, her sett opp på ei meir lyrisk form:

Diagonal
Bli der t fredag,
som hvisker appetitten håret
du
Kan vi jo
/ Vandrerhjem /
en til kaffe,
te
Eller et glass saft?

det om apetitten som kviskrar håret og vandrarheimen har google crome det heile og fulle ansvaret for. det er vill fabulering og har inga rot i den opprinnelege statusmeldinga i det heile. eg er fascinert. eg trur dette kan verta ein føljetong.