rekna litt på det, og det tok meg 17 år i skulesystemet å koma hit: i dag las eg høgt i klassa på eige initiativ, fordi eg verkeleg hadde lyst.

me hadde om færøysk uttale, sjálvandi, men det var berre sovidt eg ikkje rekte opp handa for å få lesa islandsk òg. måtte jo lata dei andre sleppa til, endå dei verka eigentleg ikkje veldig entusiastiske, bytte frå seg sin tur og sånn. forstå det den som kan. einaste minuset med merkedagen er at eg ikkje var særleg budd på storhendinga – eg trudde me skulle ha dansk, og hadde soleis ikkje øvd meg i dei øynordiske måla (følgja med på miside, jenta!). no skulle eg skriva noko om å koma særs budd attende når me skal lesa noveller – men nei. då er eg etter alt sannsyn oppteken ute i praksis.