skriv oppgåvene dine i open office. kopier dei over i word. slik kan du få opptil fleire sider ‘gratis’, etter kor langt du skriv, sjølvsagt. oppgåva mi vaks nett frå 3 til 3,5 sider. nøgd med det!

– men måler dei ikkje oppgåvene sine i ord der oppe på universitetet? tenkjer du.
– nei, på tysk didaktikk gjer me visst ikkje det, her er det 3-5 sider som gjeld, seier eg, og legg til at dette først var ei stor skuffing for meg, som helst ynsker at uni-faga skal vera så høviske og danna som råd er. ordteljing ter seg av uvisse grunnar som noko meir høvisk enn sidetal. etter at eg kom i hug open office-til-word-trikset kjenner eg at sidetalmålet verkar meir tiltalande enn før. men høvisk og danna er det framleis ikkje.