etter tre dagar stillesitjande oppgåveskriving fekk eg slik ein trong til å avreagera. eg tenkte at den klassiske joggeturen kring store lungegårdsvatnet kunne høva fint til dette. men – det dugde ikkje, eg vart ikkje sliten, endå eg sprang til robyn og alt! så då måtte eg jo berre halda fram. slik vart følgjande ravgalne joggetrasé til:

heime (minde/wergeland) -> danmarks plass -> rundt store lungegårdsvatn -> fjøsangerveien -> nrk -> rundt tveitevatnet -> innvandrerbutikken på sletten -> brann stadion -> haukeland -> kronstad -> essokrysset -> fjøsangerveien igjen -> meieriet – heim

byrja å kjenna det etter essokrysset. då var stoda omlag slik ho plar vera etter lungegårdsvatnet på ein vanleg runde. og eg brukte ein time og førtifem minutt, så dette nivået har eg jo beint fram ikkje tid til å vera på. studiekvardagen har ikkje rom for slike lange økter. vonar det er forbigåande.