torsdag tyder lystførelesing i ‘språk i norden’. blandinavisk. i dag var eg budd på færøysk, men vart i staden møtt av dansk. nett motsett av sist gong, altså. det er nok eit sunnheitsteikn, då det tyder på at eg har fokus der det skal vera; i den reflekterande, litt i overkant kjenslevare storstova åt pedagogikken og fagdidaktikken.

men nett no. etter 60 sider norsk fagdidaktikk. før helga skal går med til å gjeva tilbakemelding på to studentoppgåver. i ei underleg kjølig kjensle av at praksis byrjar på måndag, og eg ikkje i det heile teke er klar, i staden litt redd, for å vera heilt ærleg, og ikkje veit eg noko, fordi eg og dei andre som skal dit eg skal er dei einaste som ikkje har fått timeplan endå, og kanskje skal eg ha norsk heilt åleine og herregud hjelp. etter, før og inni alt dette er eg beint nøydd til å skriva litt om nordisk. formidla det finaste frå ‘språk i norden’-førelesinga i dag tidleg. og litegrann ped-relarert er det faktisk òg, for det handlar om lærarar.

‘lærere’ skriv ein på dansk. det gjer ein på bokmål òg. og så ler førelesar litt (noko som ikkje er heilt uvanleg i desse timane. dels fordi dansk er skikkeleg løye, dels fordi det vert skikkeleg flaut og dårleg når me skal prøva sjølv). fordi dei på ‘bokmålsnære’ Austlandet uttalar ‘lærere’ mest heilt likt som dei skriv. men danskane – dei har slikt eit innfløkt tilhøve mellom skrift og tale, at ordet vert noko heilt anna når ein seier det: ‘leaa’! (for r-ane blir til a-ar når dei ikkje har trykk, og då blir like godt e-ane (schwa-ane for innvidde) også til a-ar. også har ein plutseleg berre tre frekke vokalar å støtta seg på. noko ein må, ein skal seia begge a-ane altså.)

lærere -> leaa -> lærarar. eg berre nemner det. tufta på dette eine ordet er det jo berre eit spørsmål om tid før me seriøst bør tenkja på å taka ei pilegrimsferd nedover og spreia det glade bodskap.

og her kjem eitkvart for dykk som har helde ut heilt ned hit, i sympati med skrivaren, men likevel utan å verta smitta av nordisk språkentusiasme og (til no) implisitt nynorskpropaganda: noko me lo av i tyskdidaktikken. det er rett nok på engelsk. og ikkje veldig morosamt, eigentleg. hadde vore vesentleg betre utan innspelt latter oppå…!

http://www.youtube.com/v/QNKn5ykP9PU?fs=1&hl=nb_NO&rel=0